Kva er eigentleg sakprosa for barn? Er det biletbøker og skulebøker, eller kan det vera noko heilt anna? I denne prosalogen møter du tre rogalandsforfattarar som har erfaring med å skriva, illustrera og formidla sakprosa for barn og unge. Korleis skal ein lukkast med å skriva slike tekstar, og korleis må ein gå fram for å få bøkene utgitt? I ei tid der barn og unge les stadig mindre, er sakprosaen kanskje viktigare enn nokon gong. Kvifor blir det likevel utgitt så få sakprosabøker for denne målgruppa?
I denne prosalongen deler Inger Lise Belsvik, Terje Torkildsen og Ørjan Zazzera Johansen sine tankar og erfaringar frå arbeidet med ein viktig, men undervurdert sjanger.