Om abort

Prosalong i Bergen

Internasjonalt har vi dei siste åra sett ein tilbakegang i sjølve retten til fri abort, til dømes i USA gjennom opphevinga av høgsterettsdommen Roe mot Wade. I Noreg har abortspørsmålet igjen blitt gjenstand for stor debatt og usemje.

Grethe Fatima Syéd og Kjersti Sandvik meiner at den offentlege samtalen i Noreg om abort har vore for dårleg. I 2021 skreiv dei boka Hva vi snakker om når vi snakker om abort. Syéd og Sandvik møter gynekolog og medlem av abortklagenemda Ole-Erik Iversen til samtale om kva abort er, og kvifor det skapar raseri i alle leirar. Samtalen blir leia av forfattar og journalist Sandra Lillebø.

Etter samtalen blir det tid til spørsmål frå salen. Arrangement er en del av LitFest Bergen 2023.

Les mer om arrangementet