Det har gått snart 20 år sidan me fekk ein læreplan med full metodefridom, og endå litt tid sidan godkjenningsordninga av læremiddel forsvann. Etter ein lang periode med euforisk digitalisering og mange nye læremiddelaktørar på marknaden, er det no semje om at papirbøkene igjen bør få ein sterkare plass i klasserommene. I revidert nasjonalbudsjett løyva også regjeringa 300 millionar kroner til kjøp av papirbøker i skulen.
Om skjermsatsinga har gått løpsk dei siste åra, er det likevel ikkje sånn at løysinga er så enkel som berre fleire papirbøker. Leseferdigheitane og leselysten til barn og unge stuper. Skal denne utviklinga snus, må me setje tekstane i skulen under lupa. «Den tause litteraturen» kan ikkje halde fram med å vere taus. Skal læremidla forsvare plassen sin i budsjetta, må dei vere tiltalande, spennande, overkommelege og pedagogiske.
NFFO inviterer alle som jobbar med skule til seminar!