Etikk i sakprosaen

Treng norske sakprosaforfattarar og forlag etiske retningsliner, på lik line med journalistar og aviser? Me tek debatten med tre sentrale aktørar.

Forfattar og journalist Simen Sætre skriv i Prosa nr. 6/18 «om forlagas etiske føleri» at journalistikken er modigare enn sakprosaen fordi journalistikken har eit nedfelt etisk regelverk å halde seg til (Vær Varsam-plakaten). Bøkene er meir konvensjonelle, mindre eksperimentelle og kan gjere stor skade på tredjepersonar – vanlege menneske som risikerer å bli utleverte – utan at dei har rett på «samtidig imøtegåing», hevdar Sætre.

Møt sakprosaforfattarar og forleggjarar til samtale om uskrivne reglar i sakprosaforleggjeriet og vanskelege etiske val i skrivinga. Kan formulerte retningsliner vere eit gode?

Med Simen Sætre, Tuva Ørbeck Sørheim og Bjørn Olav Jahr.
Ordstyrar: Åshild Eidem.

Les mer om arrangementet