Rus og religion

“Some turn to Jesus, and some turn to heroin”, song Joni Mitchell i 1972.

I 2019 ga Kristine Hovda og Øystein Skjælaaen ut bøker som kvar på sin måte utforskar levemåtar i ytterkantane av kva som for dei fleste fortonar seg som kvardagslege.

I boka Jeg lever ikke lenger fortel Hovda om ein oppvekst med tungetale, lovsang og misjon, mens Skjælaaen i boka Meningen med rus oppsøker stader som opnar tappekranene på tider andre startar arbeidsdagen. Er desse liva så ulike som dei kan verke?

Dei to forfattarane møter Grethe Fatima Syéd til samtale.

Les mer om arrangementet