Min metode: Espen Søbye

Få med deg neste arrangement i Min metode-serien der Espen Søbye samtalar med Dag Solstad om metoden sin og særskilt biografien Kathe, alltid vært i Norge (2003).

Espen Søbye er magister i filosofi, forfattar og litteraturkritikar i Morgenbladet. Han har fornya biografisjangeren med sin såkalla "arkivmetode", og har i tillegg til biografiar skrive fleire bøker om statistikk og historie. Søbyes biografiar omfattar: Ingen vei hjem: Arthur Omre (1992), Rolf Stenersen. En biografi (1995), Kathe, alltid vært i Norge (2003) og En mann fra forgangne århundrer: overlege Johan Scharffenbergs liv og virke 1869-1965 (2010).  

Dag Solstad er romanforfattar, og hans bok Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 (2013), som er inspirert av arkivmetoden til Espen Søbye, representerer ei vending i Solstads forfattarskap.

Min metode er eit nytt NFF-konsept der høgt akta sakprosaforfattarar og -omsetjarar avslører skrivemetoden sin. I NFFs lokale i Uranienborgvegen 2 i Oslo kjem Espen Søbye nærmare inn på skrivetekniske val, forteljarteknikk, researcharbeid og vanskar som oppstod i skriveprosessane.

Tid: Onsdag 13. september kl. 19-20:30. Dørene opnar kl. 18:30.
Stad: Uranienborgvegen 2, i lokala til Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Fri entré, ingen påmelding.

Les meir om arrangementet