Min metode: Ane Farsethås

Korleis arbeider ein sakprosaskribent? I vår møteserie Min metode får du innsyn i skrivekvardagane som fører fram til ferdig tekst eller bok.

Min metode er eit NFF-konsept der høgt akta sakprosaforfattarar og -omsetjarar avslører skrivemetoden sin. I NFFs lokale i Uranienborgvegen 2 i Oslo kjem Ane Farsethås nærmare inn på skrivetekniske val, researcharbeid og vanskar som oppstod i skriveprosessane.

Ane Farsethås (f. 1973) er kulturredaktør i Morgenbladet og ein markant litteraturkritikar og kommentator. Blei kåra til Årets litteraturkritikar i 2004. Ho har skrive bøkene Herfra til Virkeligheten. Lesninger i 00-tallets litteratur (2012) og Essensielt, litteraturens og filmens klassikere, saman med Øyvor Dalan Vik (2005).

Bernhard Ellefsen (f. 1984) er litteraturkritikar i Morgenbladet.

Tid: Onsdag 24. januar kl. 19-20:30. Dørene opnar kl. 18:30.
Stad: Uranienborgvegen 2, i lokala til Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Fri entré, inga påmelding.

Les mer om arrangementet