Frå slyngel til sjølvmord

Få med deg neste arrangement i Min metode-serien der Steffen Kverneland samtalar med Erle Marie Sørheim om skrivemetode i Slyngel (2002).

Min metode er eit NFF-konsept der høgt akta sakprosaforfattarar og -omsetjarar avslører skrivemetoden sin. I NFFs lokale i Uranienborgvegen 2 i Oslo kjem Steffen Kverneland nærmare inn på skrivetekniske val, researcharbeid og vanskar som oppstod i skriveprosessen.

Steffen Kverneland (f. 1963) er teikneserieskapar og illustratør. Han er særleg kjend for sine teikneseriebiografiar. I 2004 skreiv han saman med Lars Fiske Olaf G., ein prisløna biografi om den norske meisterteiknaren Olaf Gulbransson. For Edvard Munch-biografien sin (2013) mottok han Brageprisen i klassen sakprosa, Kulturdepartementets teikneseriepris og Pondusprisen.

Slyngel (2002) handlar om eigen oppvekst i Haugesund. Boka reknast som ein av Noregs første dokumentarteikneseriar. I den utvikla Kverneland metodar som han har vidareført i seinare bøker. For tida held han på med ei sjølvbiografisk bok om sjølvmordet til faren.

Les mer om arrangementet