Åshild Ulstrup. Eit mangslunge liv

Prosalong i Bergen

Korleis ser barndomen ut i livets lange samla rekneskap? Det er noko av det Åshild Ulstrup har fatta interesse for etter kvart som ho sjølv har vorten eldre.

Mange har eit forhold til Åshild Ulstrup, gjennom radioprogram som «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden», der ho kjem inn på personane ho intervjuar på sin særeigne, varme måte. Ulstrup har også gitt ut fleire dokumentar- og intervjubøker. Den siste er «Galskap og eventyr» (2015). Å koma frå bygda til blokklivet i hovudstaden, var eit kultursjokk, seier Ulstrup. No har ho budd 60 år i hovudstaden og spør seg korleis barndomen ser ut i livets lange, samla rekneskap.

Stad: Litteraturhuset i Bergen
Tid: 11. mai kl. 19

Les meir om arrangementet